FRISKLIVSSENTRALEN SOGN

Ynskjer du å gjera endringar med livsstilen din som kan gi deg ei betre helse? 


Frisklivssentralen Sogn er ei interkommunal helsefremjande og førebyggjande helseteneste mellom Luster -og Sogndal kommune.


Kven kan delta på Frisklivssentralen?

Ein treng ikkje å ha ein diagnose eller vere sjuk for å delta på Frisklivssentralen. Personar i alle aldrar som ynskjer livsstilsendring, har auka risiko for, eller som har utvikla sjukdom og treng oppfølging til å endra levevanar og meistra sjukdom kan delta på Frisklivssentralen.


Kven kan henvisa til Frisklivssentralen?

Lege, helsepersonell, NAV og fleire kan anbefala og henvisa deg til Frisklivssentralen. Tenkjer du at Frisklivssentralen kan vera nyttig for deg, kan du også ta kontakt på eige intiativ. 

 «Eg ville først ikkje vere med på dette då eg fekk resepten av legen. No skjønar eg at det er det beste som har skjedd» 


Kva skjer ved deltakelse på Frisklivssentralen?

Å endra levevanar og meistra livet med helseutfordringar kan vera krevjande. Me på Frisklivssentralen Sogn ønskjer å gi deg eit vennleg dytt på vegen for å få ei betre helse. Frisklivssentralen har både eigne tilbod og samarbeidar med andre lokale aktørar som driv tilbod innan fysisk aktivitet, kosthald og røykjeslutt. 


Frisklivssentralen Sogn tilbyr:

  • Individuell rettleiing
  • Motivasjonssamtale  
  • Temaføredrag  
  • Gruppetilbod for fysisk aktivitet, kosthald og røykjeslutt  
  • Kurs i depresjonsmeistring (KiD-kurs)  
  • Andre meistringskurs  
  • Oppfølginga hjå oss varar i 12 veker. 

Sjølv små endringar i kvardagen kan ha

stor betydning for helsa di.




Ynskjer du meir informasjon eller har du spørsmål? Då er du velkommen til å ta kontakt med oss!







 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar